torsdag 19. juni 2014

Sommaravslutning

















Sommaravslutning med tur til Haugesund... god mat på Egon og bowling

tirsdag 10. juni 2014

Moulin Rouge
















Fyrst såg DH1 filmen Moulin Rouge, så laga dei lampe inspirert av filmen, fokus på historisme og uttrykket i estetikken rundt århundreskifte...

Fotosafari















Fredag 6. juni reiste DH1 saman med MK1 og MK2 på fotosafari med tema kultur og arkitektur. Reisa gjekk fyrst til Røldal stavkyrkje, så til Nesflaten kor ein fekk omvisning i Hydro sitt kraftanlegg teikna på 60-talet av arkitekten Geir Grung, vidare gjekk turen via Suldal til Sand kor Høse bru representerte den nye arkitekturen.

tirsdag 3. juni 2014

Offisiell opning

















Bilde frå opninga av årsutstillinga 3. juni. Rektor Marion Kallavik knytta av den raude snora som offisiell opning, jordbær, gjester og bobler i glaset.

Årsutstilling






















3. juni opna årsutstillinga i Galleriet på Skakke senter for skule idrett og kultur. Utstillinga har fått tittelen: "SkakkeArt - ei fagreise 13/14", og er eit samarbeid mellom vg1 design og handverk og vg1 medium og kommunikasjon. Utstillinga som viser eit utval arbeider frå heile året er open i kulturhusets opningstider fram til 17. juni.

Monotypi










Dh1 har leika med teknikken monotypi, tema: landskap. Ut i nærmiljø å teikne skisser av landskap for så å gå inn og lage bildeuttrykk med monotypi.

Vårens vakraste papireventyr












Dh1 har jobba med papir som materiale. I oppgåva kunne ein enten lage kjole eller hodeplagg inspirert av ein stilperiode frå rokkokko til Art nouveau.

fredag 23. mai 2014

Ferdig Veggmaleri















Arbeid med veggmaleri Etne kyrkje





















DH1 fekk i vinter oppdrag frå Etne kyrkje kor dei skulle jobbe fram ulike skisser til veggmaleri på ein sentral vegg i den nybygde kyrkja. Sissel Grindheim vant med sitt forslag med fokus på symbolikk. Elevane har jobba på skift dei siste dagane med å ferdigstille veggmaleriet i Etne kyrkje.

fredag 16. mai 2014

Papirkostymer og foto










Dh1 har hatt workshop med produksjon av papirkostymer og rekvisitter. Gruppearbeid saman med vg1 Medium og kommunikasjon. Kvar gruppe fekk ein filmsjanger dei skulle lage kostyme og rekvisitt til av papir. Kostymene skulle så bli brukt i Foto...

onsdag 7. mai 2014

SofaMåleri

DH1 har jobba med interiør og malerioppgave. Elevane valgte eit interiør frå eit interiørmagasin. Dette interiøret blei analysert. med utgangspunkt i analysen skulle det målast eit bilde som passa inn i interiøret. Når bildet var ferdig blei det fotografert og manipulert inn i interiørbildet.








tirsdag 29. april 2014

På leit etter motiv...








Dh1 i oppstarten av oppgåva Sofamåleri, ei oppgåve kor ein skal måle eit bilde til eit bestemt interiør... He er dei igang med å leika fram motiv.

Terminprøve 2 - LUDO





















Dh1 har hatt terminprøve i programfag, prøven gjekk over 3 dagar og hadde tema redesign av brettspelet LUDO.

fredag 11. april 2014

Påskemorgen















Påskemorgen med påskeaktiviteter og påskekos... Betongegg i bjørkereir, papiregg av gjenbruksmaterial, dekor av påskegodtegg og russiskinspirerte malte egg...

mandag 7. april 2014

Lyshus i leire








Idrett i leire





















Med utgangspunkt i idrettsgreiener og idrettsutøvarar i aksjon har elevane på DH1 laga skulpturar i steingodsleire. Skulpturane er montert inni laserte treramer, desse er så bygd saman til ein installasjon i foajeen i Skakkesenteret. Takk til praksisstudentane frå Notodden som har hatt ansvaret for oppgåva med leire!

smykker

























mandag 31. mars 2014

Smykkeutprøvingar















Ulike teknikkar og ulike material er i ferd med å bli prøvd ut i smykkeproduksjon...
Redesign, transformasjon, kontrastar.....

mandag 24. mars 2014

Smykkeoppgåve





















DH1 er igang med smykkeoppgåve med fokus på redesign, material og teknikkeksperimentering... i dag har ein hatt eit par økter med utprøving av armstrikking med restegarn og papirperler av aviser og magasiner...

fredag 14. mars 2014

Borddekking

DH1 har jobba med ei borddekkingsoppgåve. Bordet skulle væra til ei bestemt anledning. Dei har laga serviettar med tekstile trykk, sydd dukar, laga bordkort og meny med digitale verkty, jobba med botanisk materiale til dekorasjon o.l.







tirsdag 4. mars 2014

Potettrykk









Som førebuing til prosjekt "Bord-dekking" har DH1 jobba ei økt med potettrykk.

Eventyrstol

















Once upon a time there was a chair... også blei den redesigna til ein eventyrstol...

torsdag 13. februar 2014

Eventyrstol
















DH1 er i gang med ei oppgåve kor ein IVAR-stol frå IKEA skal redesignast, inspirert av eit eventyr. Her ser ein eit par bilder frå prosessen kor form blir endra med spikking og overflate endra med dremmel-verkty...





torsdag 6. februar 2014

Pittelite akvarellkurs





















I dag har DH1 hatt eit pittelite akvarellskurs, ulike teknikkar er testa ut for bruk ved seinare anledningar...

tirsdag 4. februar 2014

Oppdrag veggmåleri















DH1 har oppdrag frå Kyrkja i Etne om å utarbeida forslag til eit veggmåleri i den nye kyrkja. Du ser her bilete frå skisseprosess på papir og skisseprosess på vegg med kol.




mandag 3. februar 2014

Interiøroppgåve

















Med utgangspunkt i tur til IKEA har DH1 jobba med ei interiøroppgåve ein periode. Her skulle ein utarbeide interiøret til ei stove, og presentere løysinga med planteikning, oppriss, moodboard og kundebeskrivelse

mandag 20. januar 2014

IKEA-tur









Tirsdag 14.01 reiste klassen med skulens buss på studietur til IKEA. Dette var oppstarten på eit interiørprosjekt kor målet er å innreie ei stove.