torsdag 19. desember 2013

Julaverkstad










DH1 har hatt ein triveleg dag med julaverkstad og produksjon av julepynt og julegåver.

tirsdag 17. desember 2013

Julatrer - Litt av kvart



















Julatrer av tova fjør, tova ull, balsatre, pinnar og lerk...

Streng og papp












Strengjulatrer på lasert tresokkel, Gullspraya pappjulatrer på sokkel av bjørkeved.

Gran, pinnar og mose...











Julagran rundt sokkel av maisboks og pinne, pinnejulatre med betongsokkel og mosetre rundt avispapirkjegle.

JulaTreFestivalen 2013
















DH1 jobbar med å laga dekoren til Fredagens juleavslutning...
Tema: Julatrer av naturlege material...

torsdag 28. november 2013

Utstillingsoppgåve Modell





















Klassen har hatt oppgåve knytt til utstillingsfaget. Dei skulle bygge modell i målestokk 1:10 av ein utstilling med barn som målgruppe. Alle valgte kvar sin Disney-film som dei med ulike materialer og kapa-papp markedsførte i modellform.






torsdag 14. november 2013

TreHus

DH1 har hatt ein periode kor dei har jobba med tre. Kjempefine TreHus er resultatet, VeggHus og StåplassHus...































mandag 11. november 2013

Banner med gode ord





















7. november hadde alle Vg1 klassane VIP-dag med fokus på psykisk helse. Alle fekk ei lita "Kvardagsleg-PsykiskMedisinskap- HuskelappBok" som ein skulle skrive ned kva som gir ein glede, energi, mot og kraft. DH1 brukte desse orda videre i arbeid med å prøva ut ulike skriveredskap. Resultatet blei tre banner.

mandag 28. oktober 2013

Spor i tre





















Utprøving av ulike reiskap for å laga spor i tre, her ser ein eit utval arbeid kor det er brukt t.d. multidremmel, boremaskin, linoknivar, spikkekniv og stemjern.

Sjakkbrikker
















Utrøving av spikking i rått tre, Selje. Pussa, lasert og polert med bivoks.

onsdag 23. oktober 2013

Kålrosa Smørekniv





















Klassen er i gong med utprøvingar i materialet tre. Fyrst ut var spikking i tørrt tre, i form av smørkniv dekorert med kålrosing...

tirsdag 22. oktober 2013

uOpneleg boks



 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Arbeid med omgrepa organisk og geometrisk form, konkretisert i uOpnelege boksar (kanskje dei inneheld noko hemmeleg?)... Alle laga ein boks med organisk dekor og organisk knott, og ein med geometrisk dekor og geometrisk knott... også skulle ein væra litt bevisst på val av farge og ikkje bruke den rett frå målingstuba, men blanda seg fram til ein som passa... No står boksane utstilt i 3.etg


tirsdag 15. oktober 2013

Innføring designprosess og skissemetodikk
















Innføring i designprosess, skisseteknikk og skissing som metode i designprosessen. Tema: Parfumeflakong. Prosess med tankekart, thumbnailskisser, grovskisser, presentasjonsskisser og arbeidsteikning... og til sist modellar av parfumeflakong modellert i leire...

Bærenett - BæreKraftig





















Tekstiloppgåve: Sy bærenett med tekstildekor som t.d rammelim, metallfolie eller svulmepasta...

tirsdag 1. oktober 2013

Tidskapsel/Klasseklokka





















Den fyrste oppgåva i år... Kvar elev laga ein tidskapsel av fyrstikkeske. Inni eska er det ein lapp med tankar og meiningar...fyrstikkeska er forsegla med kollasj-teknikk.. siste skuledag i juni opner me tidskapselen og ser kva me tenkte første dagen i august...

Tidskapslane er montert i samband med klasseromsklokka, inspirert av gamle klokker og lodd... Klassen måtte bli einige om ein farge alle skulle bruke, årets farge: ROSA...