torsdag 19. juni 2014
tirsdag 10. juni 2014
Moulin Rouge
Fyrst såg DH1 filmen Moulin Rouge, så laga dei lampe inspirert av filmen, fokus på historisme og uttrykket i estetikken rundt århundreskifte...
Fotosafari
Fredag 6. juni reiste DH1 saman med MK1 og MK2 på fotosafari med tema kultur og arkitektur. Reisa gjekk fyrst til Røldal stavkyrkje, så til Nesflaten kor ein fekk omvisning i Hydro sitt kraftanlegg teikna på 60-talet av arkitekten Geir Grung, vidare gjekk turen via Suldal til Sand kor Høse bru representerte den nye arkitekturen.
tirsdag 3. juni 2014
Offisiell opning
Bilde frå opninga av årsutstillinga 3. juni. Rektor Marion Kallavik knytta av den raude snora som offisiell opning, jordbær, gjester og bobler i glaset.
Årsutstilling
3. juni opna årsutstillinga i Galleriet på Skakke senter for skule idrett og kultur. Utstillinga har fått tittelen: "SkakkeArt - ei fagreise 13/14", og er eit samarbeid mellom vg1 design og handverk og vg1 medium og kommunikasjon. Utstillinga som viser eit utval arbeider frå heile året er open i kulturhusets opningstider fram til 17. juni.
Monotypi
Dh1 har leika med teknikken monotypi, tema: landskap. Ut i nærmiljø å teikne skisser av landskap for så å gå inn og lage bildeuttrykk med monotypi.
Vårens vakraste papireventyr
Dh1 har jobba med papir som materiale. I oppgåva kunne ein enten lage kjole eller hodeplagg inspirert av ein stilperiode frå rokkokko til Art nouveau.
fredag 23. mai 2014
Arbeid med veggmaleri Etne kyrkje
DH1 fekk i vinter oppdrag frå Etne kyrkje kor dei skulle jobbe fram ulike skisser til veggmaleri på ein sentral vegg i den nybygde kyrkja. Sissel Grindheim vant med sitt forslag med fokus på symbolikk. Elevane har jobba på skift dei siste dagane med å ferdigstille veggmaleriet i Etne kyrkje.
fredag 16. mai 2014
Papirkostymer og foto
Dh1 har hatt workshop med produksjon av papirkostymer og rekvisitter. Gruppearbeid saman med vg1 Medium og kommunikasjon. Kvar gruppe fekk ein filmsjanger dei skulle lage kostyme og rekvisitt til av papir. Kostymene skulle så bli brukt i Foto...
onsdag 7. mai 2014
SofaMåleri
DH1 har jobba med interiør og malerioppgave. Elevane valgte eit interiør frå eit interiørmagasin. Dette interiøret blei analysert. med utgangspunkt i analysen skulle det målast eit bilde som passa inn i interiøret. Når bildet var ferdig blei det fotografert og manipulert inn i interiørbildet.
tirsdag 29. april 2014
På leit etter motiv...
Dh1 i oppstarten av oppgåva Sofamåleri, ei oppgåve kor ein skal måle eit bilde til eit bestemt interiør... He er dei igang med å leika fram motiv.
Terminprøve 2 - LUDO
Dh1 har hatt terminprøve i programfag, prøven gjekk over 3 dagar og hadde tema redesign av brettspelet LUDO.
fredag 11. april 2014
Påskemorgen
Påskemorgen med påskeaktiviteter og påskekos... Betongegg i bjørkereir, papiregg av gjenbruksmaterial, dekor av påskegodtegg og russiskinspirerte malte egg...
mandag 7. april 2014
Idrett i leire
Med utgangspunkt i idrettsgreiener og idrettsutøvarar i aksjon har elevane på DH1 laga skulpturar i steingodsleire. Skulpturane er montert inni laserte treramer, desse er så bygd saman til ein installasjon i foajeen i Skakkesenteret. Takk til praksisstudentane frå Notodden som har hatt ansvaret for oppgåva med leire!
mandag 31. mars 2014
Smykkeutprøvingar
Ulike teknikkar og ulike material er i ferd med å bli prøvd ut i smykkeproduksjon...
Redesign, transformasjon, kontrastar.....
mandag 24. mars 2014
Smykkeoppgåve
DH1 er igang med smykkeoppgåve med fokus på redesign, material og teknikkeksperimentering... i dag har ein hatt eit par økter med utprøving av armstrikking med restegarn og papirperler av aviser og magasiner...
fredag 14. mars 2014
Borddekking
DH1 har jobba med ei borddekkingsoppgåve. Bordet skulle væra til ei bestemt anledning. Dei har laga serviettar med tekstile trykk, sydd dukar, laga bordkort og meny med digitale verkty, jobba med botanisk materiale til dekorasjon o.l.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


































